Mirdaside-dynastiet

Eit kart frå kring 1050-1060, som syner Mirdasid-dynastiet og naboane.

Mirdaside-dynastiet var eit dynasti som kontrollerte amiratet Aleppo meir eller mindre samanhengande frå 1024 til 1080.

Mirdasidane var eit arabisk folk som hadde halde til i det nordlege Syria i fleire hundreår. Dei var sjiamuslimar, men vart tvinga til å konvertere til sunniislam då dei tyrkiske seldsjukkane tok over området.

Mirdasidane oppnådde sjølvstyre i 1024 og fokuserte på byutvikling, slik at Aleppo blømde i perioden då dei styrte. Mirdasidane var tolerante overfor dei kristne, oppmuntra kristne kjøpmenn i området sitt, og tilsette fleire som vesirar.

Den første perioden til Mirdaside-dynastiet er prega av konstant trykk frå både Austromarriket og fatimidane i Egypt. Mirdasidane var vasallar under både austromarane og fatimidane fleire gonger og ved hjelp av denne blanda diplomatien og militærmakt, klarte dei å overleve mot desse to stormaktene.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search